Øyer Gjeterlags fésanking 1985
Ei bildefortelling.
Tekst og foto: gjeter Gunnhild
Skattebu.
Torsdag 5. september. Stilt klart vær ved solrenning, ÷6°C ved Skjælbua. Skydekket kom inn frå nord til kvelds.
Fredag 6. september. Klokka 06:00 ca. 10 cm nysnø. Vinden
og snøfallet tiltok.
Klokka 09:00 frå
Steinhyttbekken mot Åstlia.
Nordavinden og
nedbøren fortsatte å auke, det var uråd å orientere seg mot været. Til og frå
Kvennslåa var bikkja til god hjelp, - såg rett ned i spora hans og gløtta opp
iblant for å «kontrollere».
Frå Kvennslåbua mot
Steinhytta.
På Kvennslåbua fekk
Paul oss på bedre tankar, vi snudde. Med uværet i ryggen gikk det an å
fotografere. Snøen tok til å bli djup nok.
Framover Åstlia fredag
kveld var det 40-50 cm snø, skrøpelig sikt og blytongt fotturføre. Forsvaret
da? Vi passerer Skjæla fredag kveld, - her hadde snømengda auka mykje frå om
morgonen. Likevel var eg overraska over å finne bua full av folk, - det
forundra meg meir enn at Neråst-ekspedisjonen skar seg. (Sjøl ein gjetar blir
litt sprø i uvær!)
Laurdag 7. september baud på mange slags opplevelser –
skal det vera, så skal det vera. Ca. klokka 12:30 landa Norsk Luftambulanse
uttafør Skjælbua og tok med seg Thorstein, turen til LFS tok visst ca. 3
minutter.
Temperaturen hadde
stigi, ca. +1°C, så snøen vart kram og som leire å vasse i. Vi venta på
traktorhjelp av Håvard og Ola, - i 2-tida avgjorde vi at vi fekk ta med dei
10-14 dyra vi hadde og gå mot Uksbåsen. Snøen var aldeles utrulig umulig å ta
seg fram gjennom. Det var «himmelrik» da vi fekk traktorspora til Håvard å gå
etter frå synna Jogrimslia. Frå Jogrimslia fekk vi med 30-40 dyr til, og frå
Titerbekken ca. 20 dyr.
Ved Tautern passerte
vi traktor’n til Ola (godt dei var to). Ned av Hæratind mista (?) vi
traktorspora og dro ned «Fallet».
Dyra er sultne og
spesielt interessert i vier.
Ei stor fonn stenger,
- det hjelp lite å lage spor av menneskeføtter fysst.
Ei fortropp strever
seg gjennom, - det ser aldeles meiningslaust ut, - «toget» følgjer i spora.
Ei lang kø har danna
seg bakover.
Nedbøren har gitt
seg, og vinden har løya en del.
Sundag 8. september sorteres og kjøres dyra fra
Lortbakken og forsvaret kontaktes. Med to bandvogner og halm dreg vi inn i
Eldådalen og fôrer alle dyr vi finn før mørket fell på.
Måndag 9. september
Harland måndag klokka
06.
Meir mannskap hentes
ved Tautern, medan andre vogna leiter videre i Eldådalen. «Operasjonen» gir et
godt resultat, dei siste fann dei ved Foringsbekken.
Driving av dyr i
Lauvsalen mot Harland.
Etter eit «vått»
uhell med bandvogna synna traktorvegen måndag kveld, vart dei levert att onsdag
kveld.
Torsdag 12. september stilte forsvaret helikopter til
disposisjon.
--------------------------------------------------------------------------------------------------------
Takk til Gunnhild for
at jeg fikk lov til å benytte både bildene og tekstene hennes. Det må
understrekes at fésankinga endte godt både for folk og fé, men jammen var det
strevsomt…