torsdag 14. oktober 2021

Folkeavstemningen 1905 og Tingvoll.

Folkeavstemningen 1905 og Tingvoll

Johan Kaspar Sprækkenhus skriver i «Minner fraa 1905» at alle slo ring um fedrelandet. Trufast, som Dovre stod folket. – «Noreg for nordmenn»! – Det var eit svar, som ingen kunde mistyda. Den 13. august staar millom dei framste av vaare nationale merkjedagar. Der hev aldri vore meire sol og varme over folket vaart.

Johan forsetter: Eg skal her ta med eit lite upprip om avrøystinga i Øyer, der eg sjølv var med, Bjørnstjerne Bjørnsons bygd (Gausdal) og Veslehamar. Eg gjer det, avdi eg som døl, som nordmann vil vera med hegne um denne dag, gjera minnet livande for dei, som kjem etter.

Fra venstre Volden, Nybakken ferdmannskvile (på oppsiden av vegen), Svarverstuen, og i bakgrunnen Tolstad og kommunehuset Tingvoll..

Det var paa Tingvoll – det gamle heradstinget. Mannjamt møtte dei fram. Ingen helsug mann sat heime. 7. juni-vedtaket skulde staa. So var folkeviljen. Svensken – og heile verdi med – skulde røyne, at nordmennerne stod samde um retten sin. Fleire folk har vel aldri vore samla paa Tingvoll. Og det var alvaar over kvart eit andlit.

Fyrr gudstenesta bles musikken: «Vor Gud han er saa fast ein borg» - og etter: «Ja vi elsker dette landet». So var det avrøysting. Folk strymde ut og inn. Det vart ei lang tid aa vente. Ved 5-tida sang me: «Jeg vil værge mit land»! Alle strauk luvorne av. Det var eit folk med brennhug – i von um, det maatte lukkast aa berge det land, dei elska so høgt.Deretter stein sokneprest Ulsteen upp paa talarstolen og heldt ein varm gripande tale. Det var ein tale, me hev godt av aa minnest.


Han lydde so: -

Nordmenn! Medan me ventar paa utfallet i dag, ber e gum ordet eit bil: - Daa Olav den heilage etter si landeflugt kom heim til Noreg, drog han upp gjenom Værdalen. Ein dag, han kom upp paa ei høgd med utsyn over det fagre Trøndelagen, sa han: Eg hev aldri sett Noreg saa fagert som i dag! – Naar eg no ser ut over Øyer, lyt eg segja det same. Eg hev aldri sett denne bygd so fager som i dag! Og kvifor? Jau, avdi det er noko sers, som hender her no. Me skal i dag velja millom fridom og trelekaar.

Eg minnest for mange aar attende. Eg var formann i Øyer valstyre. Det hende daa jamt, at far stod mot son, bror mot bror i spursmaal der det gjaldt fedreland og framtid. Men i dag, trur eg, er der berre ein vilje i Noreg! Er ikkje det noko stort? Heile Europa ventar med spanning paa svaret, me gjev i dag. Og dere er mi von, det maa verta so, dei skynar, me er samde um juni-vedtaket, at me nordmenn vil: «Vera Noregs vakt til siste stund!»

Olav Haraldson elska sitt land varmt som inge. Me veit, han møtte eit framandt krav med desse stolte ord: Eg vil verje mitt Noreg med odd og egg! Det var eit kongeord, som skal lyse gjenom tider. Men kor mykje meir hev ikkje me aa elske dette landet for – me som liver i ei tid, daa alt blømer og gror, me, som fær liva ein slik dag! – I by og bygd møter folket fram for aa segja sitt «Ja». Det vert ikkje gjort skil paa stor eller liten, ring eller rik –; me er alle nordmenn, og den lovnad gjev me vaart land i dag: «Skal Noreg gaa under, saa vil me gaa med!» (Stor fagnad)

Finnst der ein mann her i dag, som hev røysta eller røyster «Nei», so Ve over denne mann! Han hev gløymt sitt land, sitt folk! Han er ingen nordmann! «Samde og tru til Dovre fell!» Det hev vore tider daa folket hadde gløymt dette. Men i dag er det herropet, merket, me skal fylkast um. Det gjeld um staa saman, daa vert vi sterke. Det er vegen til vyrdnad og heider. Ja, nordmenn: «Ver tru mot fedrelandet!»

Du røyster i dag for deg og dine, for dei, som kjem etter. Det er eit stort ansvar. Men svik ikkje gamle Noreg! – Gjer du det, vil du døy som ein ærelaus mann. Nei: samde og tru! Daa skal det vekse, bløme og gro eit lysande Noreg!

Ingen øyværing gjorde seg til skarv 13. august.

*************


Denne illustrasjonen er hentet fra et svensk magasin 
der vi ser blant andre Fridtjof Nansen som urnevakt.

Det var spenning om hvordan svenskene ville forholde seg til resultatet av avstemningen. Der ble sagt at det var trykket opp bare JA-sedler, og at de som ville stemme nei måtte skrive på sine egne sedler.

Det føles i dag ubehagelig å lese denne retorikken, men det må vi tåle.

Det må bemerkes at «alle» her er de med stemmerett; altså ingen kvinner. 99,95 % stemte for oppløsning av unionen med Sverige. Dette satte fart på kvinnebevegelsen som uka etter leverte 280.000 underskrifter for å innføre alminnelig kvinnelig stemmerett. Aksjonen førte fram, men først til valget i 1913.

Stortinget hadde den 7. juni vedtatt å oppløse unionen med Sverige. Folkeavstemningen skulle bekrefte dette vedtaket. Norges aksjon ble sett på som et revolusjonært opprør ellers i Europa, og ble ansett som trussel mot freden og internasjonal orden.

Det var et massivt propaganda-apparat i gang, og bare 184 stemte nei. Det forekom opptog, trusler og hærverk mot folk som ble mistenkt for å ha stemt nei.

Den 12. og 13 november 1905 var det igjen tid for folkeavstemning; nå om den danske Prins Carl skulle bli spurt om han ville bli konge i Norge. I Øyer stemte 522 ja og 42 nei, og det ble et rungende ja nasjonalt. Stortinget fikk et ja fra prinsen og den 18. november ble han Kong Haakon den 7. av Norge.

Tingvoll var oppført av kommunen og Øyer Sparebank. Det første herredstyremøtet ble avholdt her i 1889. I 1916 vedtok de å selge for kr 8.000. Nytt kommunehus sto ferdig på Tingberg i 1917 og på Tretten tok de i bruk Bjørkholt fra 1913. Nye kontorlokaler på Tretten sto ferdige i 1966.



Folkeavstemninger 1905

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar