torsdag 19. januar 2023

Et dikt av Tor Ile ble sensurert.

Et dikt av Tor Ile ble sensurert

Som dere sikkert vet så skrev Tor Ile dikt. Det har sikkert undret flere at det i hans Bygdebok for Øyer, bind 2 side 174 gjengis ett delvis sensurert. Jeg mistenker en bluferdig «Bygdebokkomité» for dette overgrepet.



Tiden er moden nå for å kunngjøre hva som skjuler seg bak de stiplede linjene. Nedenfor står hele diktet; den utelatte teksten er gjengitt i uthevet skrift.

Diktet heter Lyrikk, og står i teksten om Orrfuglen. Det går slik:

 

Når tona det fyrst frå ei lyre –

Lyrikk som ein kallar det no?

Den gongen det tvikløyvde dyret

gjekk saman, som han og som ho.

 

Før mannen fekk tonar til orda

med metrum og rytme og slikt,

steig ljomen for lengst over jorda

av hugvarme, lyriske dikt.

 

Ja, lenge før Adam og Noa

Vart dåra av kvinne og vin

kvad hannen om elskhug til hoa

ein høgsong so dårande fin.

 

Lyrikk er at han syng for henne

med fysne og heitaste trå.

Er lengslene myrke kann hende

og kjenslene låge og rå?

 

Er elskhugen dyrisk og syndig?

Alt av naturen er reint.

Men tvibytt – i lyrisk og yndig –

er elsken av skaparen meint.

 

Lyrikken er manndig og myndig –

tiurleik og orrhanespel –

og høna er bljug ho og yndig,

lei blir ho fyrst når ho gjel.

 

Ei sevje som mannen kann kjenne

or djupaste livståg stig upp.

Den strengen som når lengdt atende

og difor eig tonen so djup.

 

Um lyriske sevjelaup stana

vart grønaste livstreet turt.

Var lyriske strengen ei spana

kom djupaste livstonen burt.

 

Men nok er det ikke med røter.

Nei, upp mot den solljose rømd!

Når jordkrafta livssola møter

fyrst da blir det sala og sømd.

 

Og alt medan det som er dyrisk

sett sansar og blodet i brand

treng det som er manndig og lyrisk

velsigning av høgaste hand.

 

Selv skriver Tor at «diktet er bygt opp på grunntankane i eit foredrag Lars Eskeland heldt på Maihaugen sumaren 1916 under landsmøtet åt Norsk Landmannsforbund. Det er ein freistnad på å sjå både natur- og åndssida ved lyrikk og elsk. Ideen til diktet fekke eg frå eit stykke Kristofer Uppdal skreiv um Wildenvey i «Den 17de Mai» hausten 1919.»

Et dikt av Tor Ile ble sensurert.

Et dikt av Tor Ile ble sensurert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar